Datsja (av russisk дача) er eit russisk ord for ein feriebustad eller ein landstad i forstadene til sovjetiske og russiske byar. I somme tilfelle vert det nytta av eigaren eller leigd ut til bybuarar om sommaren. Datsjaer er vanlege i Russland, men òg ein del nytta i andre tidlegare republikkar i Sovjetunionen.

Datsjaen til Boris Pasternak i Peredelkino

Sidan det var restriksjonar på storleiken og forma på datsjaer i sovjettida vart enkelte trekk ved bygningane, som eit loft eller ein overbygd veranda, ofte overdimensjonert. I 1963–1985 var restriksjonane særleg store og ein kunne berre byggje ein-etasjars sommerhus utan permanent oppvarming og golvareal mindre enn 25 m² som datsjaer. Eldre datsjaer fekk likevel stå urørt. Sidan 1990 er slike restriksjonar fjerna. Det er estimert at om lag ein fjerdedel av alle familiar i storbyane har datsjaer.[1]

Kjelder endre

  1. Struyk, Raymond J. og Angelici, Karen (1996) The Russisk Dacha phenomenon. Housing Studies 11:2, 233 – 250.