Opna hovudmenyen

Krementsjukreservoaret (ukrainsk Кременчуцьке водосховище, Kremenchuts’ke Vodoskhovysjtsje) er det største reservoaret i Dnepr. Det er kalla opp etter byen Krementsjuk, og dekkjer i alt 2 250 km² i Poltava, Tsjerkasy og Kirovohrad oblast i det sentrale Ukraina. Reservoaret vart skapt i 1959 då Krementsjuk vasskraftverk vart bygd.

Krementsjukreservoaret
innsjø
Landsat Kremenchuk Water Reservoir.jpeg
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Polatava oblast, Tsjerkasy oblast, Kirovohrad oblast
Tilsig Dnepr
Utløp Dnepr
Høgd 77 moh.
Koordinatar 49°16′N 32°38′E
Lengd 149 km
Areal 2 250 km²
Volum 13,5 km³
Wikimedia Commons: Kremenchuk Reservoir

Reservoaret er 149 km langt, 28 km breitt og hare i middeldjupne på seks meter. I alt inneheld reservoaret 13,5 km³ vatn. Dei største byane ved reservoaret er Tsjerkasy og Svitlovodsk. Sula-elva munnar ut i reservoaret og dannar eit delta med mange øyar.

KjelderEndra


Dnepr
 
Sideelvar: Drut (H) • Berezina (H) • Sozj (V) • Pripjat (H) • Teteriv (H) • Irpin (H) • Desna (V) • Stuhna (H) • Trubizj (V) • Ros (H) • Tjasmyn (H) • Supij (V) • Sula (V) • Psyol (V) • Vorskla (V) • Samara (V) • Konka (LV) • Bilozerka (V) • Bazavluk (H) • Inhulets (H)
Reservoar: DneprDniprodzerzjynskKakhovkaKanivKievKrementsjuk