Krigsrett
Krigsrett er i vanleg språkbruk ein militær straffedomstol som vanlegvis dømmer og fastset straff for soldatar for brot på militær strafferett.
I norsk lovverk blei omgrepet etter Den militære rettergangslov av 29. mars 1900 bruk tom domstolar som i krigstid skulle vera første instans i militære straffesakar.
Ordninga med særskilde militære domstolar blei opphevet ved lov av 24. juni 1994. For krigstid gjelder likevel visse særreglar for militære straffesakar.[1] Sakane kan sentraliserast til enkelte tingrettar, sakar for lagmannsrett skal alltid gå for meddomsrett (det vil seia utan jurydeltaking) og det er eigne utval med militære meddommarar både i første instans og i lagmannsretten.
Kjelder
endre- ↑ Jf. straffeprosessloven av 22. mai 1981 kap. 34.
- «Krigsrett», Store norske leksikon, 14. februar 2009
- Delar av denne artikkelen bygger på «Krigsrett» frå Wikipedia på bokmål, den 27. mars 2016.