Krigsskodeplass er et område der det føregår krigshandlingar eller der slike handlingar er venta.[1]

Krigsskodeplass i norsk lovverk endre

I norsk samanheng nyttar ein erklæring av krigsskodeplass til å regulera forholdet mellom sivile og militære styresmakter. Lovverket om krigsskodeplass finst i Lov om særlige rådgjerder under krig, krigsfare og liknende forhold (beredskapsloven) av 15. desember 1950 nummer 7, i kongeleg resolusjon av 11. september 1959, og kongeleg resolusjon av 8. desember 1967.[1]

Ein kan erklæra krigsskodeplass i den delen eller dei delane av landet der det føregår krigshandlingar eller der ein kan rekna med at dei er nær ved å føregå, og der det er rekna som nødvendig at dei militære styresmaktene tek ove leiinga av politiet og andre sivile forvaltingsorgan for å fremja og trygge militære operasjonar og forsyningar. Grensene for krigsskodeplassen blir normalt fastsette av Kongen. Krigsskodeplassen er ikkje nødvendigvis same området som den militære inndelingen av operasjonsområdet. Ein krigsskodeplass kan også opprettat automatisk ved eit militært åtak på norsk territorium.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «krigsskueplass». Store norske leksikon (på norsk). 18. oktober 2018.