Kristen Gislefoss

Kristen Gislefoss (fødd 2. mai 1954) er ein tidlegare norsk statsmeteorolog og vêrmeldar på NRK.

Kristen Gislefoss
Fødd2. mai 1954
Vennesla kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkemeteorolog, vêrmeldar
Alma materKristiansand katedralskole
Universitetet i Bergen
BarnKristian Gislefoss

Bakgrunn endre

Gislefoss er fødd og oppvaksen i Vennesla. Han tok vidaregåande opplæring ved Kristiansand katedralskole.[1] Han studerte meteorologi og tok pedagogisk seminar ved Universitetet i Bergen frå 1973 til 1980, med eit års avbrekk til militærteneste. Han er faren til meteorologen Kristian Gislefoss.

Kristen Gislefoss gjekk av med pensjon i mai 2021 etter å ha vore vêrmeldar i NRK sidan 1990.[2]

Kjelder endre

  1. Statsmeteorolog Kristen Gislefoss vitjar skulen, arkivert frå originalen 13. desember 2007, henta 16. juli 2018 
  2. Pettersen, J. «Siste dag på jobben». Verdens Gang. Henta 19. februar 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

«Kristen Gislefoss» i Store norske leksikon, snl.no.