Opna hovudmenyen

Vennesla kommune

kommune i Vest-Agder

Vennesla er ein kommune i Vest-Agder fylke. Kommunen grensar til Kristiansand i sør, Songdalen og Marnardal i vest, Evje og Hornnes i nord og Iveland og Bikrenes i aust. Kommunen er prega av elva Otra, som renn sentralt gjennom han. I vest har han kyst mot Kilefjorden og skog- og heiområde. Vennesla er den største tettstaden og administrasjonssenter i kommunen.

Vennesla kommune
kommune
Vennesla.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vest-Agder
Adm.senter Vennesla
Areal 384 km²
 - land 363 km²
 - vatn 21 km²
Folketal 14 532 (1. januar 2018)
Folketettleik 40 / km²
Målform nøytral
Ordførar Nils Olav Larsen[1] (KrF)
Kommunenr. 1014
NO 1014 Vennesla.svg
Wikimedia Commons: Vennesla
Nettstad: www.vennesla.kommune.no

Vennesla kommune blei oppretta 1964 då dei tidlegare kommunane Hægeland, Øvrebø og Vennesla blei slått saman. Kommunen omfattar sokna Vennesla, Hægeland og Øvrebø i Vennesla prestegjeld i Otredal prosti i Agder bispedøme. Han høyrer til Vennesla og Iveland lensmannsdistrikt i høyrer under Kristiansand tingrett.

Kommunevåpenet viser stiliserte trestammar, tre elveband og to tannhjul, alt i gull, mot raud bakgrunn.

Det er 6 barneskular, éin barne- og ungdomsskule og ein ungdomsskule i kommunen.

Setesdalsbanen.
Vigeland jarnverk, ca. 1925
Foto: Domenico Erdmann
Ein del av tettstaden Hægeland sett frå sør over Hægelandsvatnet.
Foto: Siri Johannessen

Historie og kulturEndra

Setesdalsbanen, som i dag er museumsjernbane, byrjar ved Grovan i Vennesla og går til Røyknes. Fjellmannsvegen mellom Setesdal og Kristiansand er i dag ein tursti i kommunen.

Bommen Elvemuseum på Drivenes ligg vest for Venneslafjorden. Den verna Vigeland Hovedgård i empire- og sveitsarstil, no senter for kunst og brukskunst, ligg også i kommunen.

«Øvrebø-skien» funne på garden Mushom i 1929 blei lenge rekna som den eldste skien i Noreg. Nyare dateringar viste at han var yngre enn ein hadde trudd, rundt 500 år gammal.

VenskapsbyarEndra

TettstaderEndra

KjelderEndra

  1. Kari Løberg Skår og Hans Erik Weiby (19. september 2017). «En inkluderende og sprudlende mann». NRK Sørlandet. Henta 13. oktober 2017. 
  • Geir Thorsnæs, Vennesla (8. juli 2010), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 8. januar 2014.
  • Om kommunen, vennesla.kommune.no

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Koordinatar: 58°20′33.8″N 7°58′33.4″E