Kristi forklaring
(Omdirigert frå Kristi forklåring)
Kristi forklaring, også kalla «Metamorfosen» og «Transfigurasjonen», er ein kristen festdag som blir feira 6. august.[1] Feiringa er til minne om ei hending der «Læresveinane får sjå Jesu herlegdom», der Lukas-evangeliet fortel at «medan han bad, vart andletet hans som omskapt, og kleda vart skinande kvite.»[2] Hendinga er skildra i alle dei synoptiske evangelia.

Ikon av transfigurasjonen av Theofanes grekaren frå 1400-talet.
Ifølgje bibelhistoria høyrer denne hendinga til før påskedag (jfr. Matteusevangeliet kap. 17). Etter norsk luthersk kyrkjeår blir Kristi forklaringsdag idag feira siste sundagen før fastelavn.
KjelderEndra
- ↑ «10. Kristi Forklaring». Arkivert frå originalen 2015-02-19. Henta 21. januar 2019. Både
|archive-date=
og|arkivdato=
er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp); Både|archive-url=
og|arkivurl=
er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp) - ↑ «Evangeliet etter Lukas, Kapittel 9:28-36», Bibel - Nettbibelen, henta 21. januar 2019
- Denne artikkelen bygger på «Kristi forklaring» frå Wikipedia på bokmål, den 21. januar 2019.