Kristi forklåringsdag

(Omdirigert frå Kristi forklaringsdag)

Kristi forklåringsdag er ei kristen høgtid til minne om Kristi forklåring. Festen kom først inn austkyrkja, der han har vore feira sidan år 400 e.Kr. Feiringa fokuserer på Kristi makt og ære. Dagen er ei av dei tolv store høgtidene i den ortodokse kyrkja.[1]

Dei fyrste fruktene ført fram for å bli signa i høve Kristi forklåringsdag i Den japanske ortodokse kyrkja.

Dagen har vore markert ulike dagar i året. I Vestkyrkja blei han utropt til festdag den 6. august av pave Callixtus III etter avsluttinga av omleiringa av Beograd i 1456.[2] Han blir markert i den ortodokse, katolske og anglikanske kyrkja denne datoen (i nokre ortodokse kyrkjer etter den julianske kalenderen, som fell på 19. august i den gregorianske).

I Den norske kyrkja blir han markert på sundagen før fastelavnssundag.[3] Han har vore markert denne sundagen sidan 1978. Dagen markerer avslutninga på openberringstida.

Den armenske apostoliske kyrkja markerer dagen den fjortande sundagen etter påske.[4]

Kjelder

endre
  1. «The Major Feasts of the Church - Feasts of the Church - Greek Orthodox Archdiocese of America», www.goarch.org (på engelsk), henta 14. februar 2023 
  2. Christian liturgy by Ignatius Puthiadam 2003 ISBN 81-7109-585-2 page 169
  3. «Om kirkeåret», Den norske kirke (på norsk bokmål), henta 14. februar 2023 
  4. «Feast of the Transfiguration».