Kristian Brinch Koren

norsk arkivar

Kristian Brinch Koren (23. mai 186310. februar 1938) var fødd i Trondheim som son av overlege August L. Koren og Johanne Cathrine, fødd Brinch, og var ein norsk historikar og arkivar. Han vart tilsett som stiftsarkivar i Trondheim i 1891, og var riksarkivar 1913–33.

Kristian Brinch Koren

Fødd23. mai 1863
Trondheim
Død10. februar 1938
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkebibliotekar, historikar, arkivar

Kristian B. Koren tok artium ved Kristiania Katedralskule i 1881, og fullførte filologiske studium i Kristiania hausten 1889. Etter å ha vore volontør ved Universitetsbiblioteket og vikar ved Riksarkivet, vart han 20. februar 1891 utnemnd til stiftsarkivar i Trondheim. Han vart utnemnd til riksarkivar 6. desember 1912, og tiltredde 2. april 1913.

Som riksarkivar utarbeida han eit arkivteknisk program, og fekk oppført nybygg for Statsarkivet i Bergen i 1921 og Statsarkivet i Trondheim i 1927, og fekk oppretta nye statsarkiv i Hamar i 1917 og i Kristiansand i 1930, og han fekk Stortinget til å vedta bygging av nytt Riksarkiv i 1929.

Publikasjonar endre

  • Fortegnelse over filologer, realister og mineraloger ved Norges Universitet 1813-1884, 1885.
  • Om kilder til Norges historie i middelalderen i engelske arkiver, 1893.
  • Stamtavle over familien Koren. 1898/1903.
  • Karter og topografiske tegninger vedk. Trondheim og Trøndelag, 1899.
  • Trondhjem i gamle dage. Billeder i lystryk, 1907.
  • Hans Nissens og hustrus stiftelse og arbeidshus, 1907.