Statsarkivet i Bergen

Statsarkivet i Bergen, Årstadvegen 22, er ein del av Arkivverket og tek hand om eldre arkivmateriale frå statlege organ på lokalt og regionalt nivå i Hordaland og Sogn og Fjordane. Institusjonen vart oppretta i 1885, og vart fram til 1919 kalla Stiftsarkivet i Bergen. Fram til 1921 heldt statsarkivet til i Klosteret 17 («Bethlehem»). Sommaren 1921 flytta statsarkivet til Årstad til ein nyoppført bygning (arkitekt Egill Reimers), som i 1924 fekk diplom frå Houens fonds diplom for god arkitektur. Bygningen er oppført i stein og med tydeleg inspirasjon frå eldre steinbygningar i Bergen og Selje kloster.

Statsarkivet i Bergen

Statsarkivet i Bergen hadde dei geistlege arkiva frå Sunnmøre til 1929, og materiale for Rogaland til det vart oppretta eige statsarkivkontor i Stavanger i 1949.

Under andre verdskrig 1940-1945 vart arkiva (stort sett) flytta ut, og bygningen brukt av dei tyske okkupasjonsstyrkane som kontor for generalen for dei tyske landstridskreftene (Hermann Tittel 1940-1941, Bruno Ortner 1941-1942, Kurt Badinski 1942-1943, Hans Wagner 1943-1944, Karl von Beeren 1944 og Johann de Boer 1944-1945) på Vestlandet, for bykommandanturet og den tyske feltkrigsretten. Tyskarane tok mange bygningar på Årstad, og bygde eit større bunkersanlegg, panservogngarasje og ei barakk for det tyske militærpolitiet på tomten til statsarkivet.

I 1975 vart det oppført ein konserveringspaviljong (arkitekt Peter Helland-Hansen) på grunnmuren til Tyskarbarakka, og i 1992-1993 vart det bygd eit magasintilbygg (arkitekt Hans Jacob Hansteen). Den samla magasinkapasiteten er etter bygging av nye magasin i 2011 34 000 hyllemeter. Ombygging og rehabilitering av det gamle bygget var ferdig hausten 2012.

I 2001 kom Lepraarkiva i Bergen, som er å finne ved Bergen byarkiv, Stiftelsen St. Jørgen, Norsk Medisinsk fødselsregister og Statsarkivet i Bergen, inn på UNESCO si liste Memory of the World. Samtidig kom manuskriptet til "Et dukkehjem" av Henrik Ibsen inn på same lista.

Stifts-/statsarkivarar i BergenEndra

  • 1885-1903: Cand. jur. Thomas Brown Lie Hermansen (1853-1903)
  • 1903-1933: Dr. philos. Just Bing (1866-1954)
  • 1934-1960: Cand. philol. Einar Jansen (1893-1960)
  • 1960-1971: Cand. jur. Ragnvald Martin Samdal (1908-1976)
  • 1971-1995: Cand. philol. Egil Øvrebø (1928-2011)
  • 1995- : Cand. philol. Yngve Nedrebø (1954-)

LitteraturEndra

NettsiderEndra