Kristiansund Fotballklubb

Kristiansund Fotballklubb er ein norsk fotballklubb i Kristiansund, som spelar i Eliteserien. Han vart stifta 7. juni 1912. KFK, kjend som «Kåan», spelar heimekampane på Gressbanen, eit stadion innvigd i 1950. Laget spelar i raude skjorter og strømper og blå bukser.

KFK tok seg til semifinalen i Norgesserien i 1938, der Fredrikstad FK, det komande meisterlaget, vann 3-2. I sesongen 1950/51 spelte KFK i Hovedserien, men vart med fire poeng desidert sist i avdeling B.

Magnar Isaksen og Anders Giske spelte i si tid på KFK.

Kjelder endre