Anders Giske

norsk fotballspelar

Anders Giske (fødd 22. november 1959) i Kristiansund er ein tidlegare norsk fotballspelar, ei tid sportsleg leiar i Sogndal IL. Han spela for norske og vesttyske fotballklubbar, derimellom Sportsklubben Brann, Lillestrøm Sportsklubb, FC Nürnberg og FC Köln. Mellom 1979 og -89 spela han 38 landskampar for Noreg. Han er far til Madeleine Giske.

Anders Giske
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. november 1959 (64 år)
Kristiansund kommune
Yrke fotballspelar

Klubbspel endre

Giske starta spele fotball for den lokale klubben Goma IL. Sesongane 1977 og -78 spela han for tredjedivisjonsklubben Kristiansund FK. Klubben var nær ved å rykke opp i dåverande andredivisjon, men lukkast ikkje. Frå 1979 spela Giske for Brann i toppdivisjonen, der han var med i 16 kampar og nedrykk i sin fyrste sesong. Etter nytt nedrykk i 1981, reiste han til Lillestrøm og spela ein sesong i klubben, der han fekk med seg ein bronsemedalje i serien.

I 1983-sesongen var Giske tilbake i Brann. Etter utmerka spel vart Giske hausten 1983 overført til til tyske FC Nürnberg. Han markerte seg straks i Bundesliga, men Nürnberg rykte ned i den første sesongen hans. Giske fekk så kontrakt med Bayer Leverkusen sommaren 1984, men gjekk mykje skadd, og hausten 1985 returnerte han til FC Nürnberg. Sesongen 1985/86 berga klubben plassen i Bundesliga såvidt, fotballbladet Kicker plukka likevel Giske ut på «rundas lag» fem gongar. Dei tre neste sesongane var han kaptein og den best betalte spelaren på Nürnberg.

Giske vart i 1986 vald til «årets spelar» av norske sportsjournalistar. Bladet Kicker tok han med på «årets lag» for sesongen 1986/87, etter å ha vorte kåra til banas beste i åtte kampar, nest flest i Bundesligaen den sesongen.

Våren 1989 forlet Giske Nürnberg til fordel for FC Köln, der han skulle overta etter Jürgen Kohler som var overført til Bayern München. Köln erobra andreplassen i ligaen 1990, kom til semifinalen i UEFA-cupen og i 1991 til finalen i den tyske cupen.

Kontrakten med Köln gjekk ut våren 1992, etter ein god sesong av Giske. Han fekk tilbod om ny kontrakt, men Giske hadde allereie bestemt seg for å busette seg i heimlandet, grunna ein mindre ryggskade. Der spela han ei kort tid for Brann, før han la bort fotballskoa.

Landslagspel endre

Anders Giske spela 38 landskampar. Han spela stort sett midtstoppar eller venstreback på landslaget, og fekk dermed lite nytta offensive kvalitetar. Høgdepunktet for Giske på Noregs landslag var den berømte 2-1-sigeren over England hausten 1981. I 1987 vart Giske utnemnd til landslagskaptein av Tord Grip, ei rolle han også hadde etter at Ingvar Stadheim overtok som landslagstrenar. Giske spela sin siste landskamp mot JugoslaviaUllevaal stadion den 14. juni 1989. Kampen enda med norsk tap 1-2.

Merittar endre

  • Seriebronse 1982 med Lillestrøm
  • Seriesølv 1990 med Köln
  • Cupsølv 1991 med Köln

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre