Kristin Aspelund (fødd 22. desember 1939 i Odda) er ein norsk lege, kirurg og kvinnesaksforkjempar.[1]

Kristin Aspelund
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. desember 1939 (84 år)
Odda kommune
Yrke kirurg
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening

Aspelund blei utdanna lege ved Universitetet i Bergen i 1965 og blei spesialist i plastisk kirurgi i 1981, som ein av berre to kvinnelege spesialistar i dette faget i Noreg.[1] Ho var fylkeslege i Rogaland frå 1981 til 1985 og var spesiallege i Arbeidstilsynet frå 1985 til 1992. Ho var sentral i innføringa av forbod mot røyking på arbeidsplassar, noko ho engasjerte seg for allereie i 1970-åra. Ho var leiar for Stavanger Kvinnesaksforening frå 1988.[2][3] Foreininga arbeidde for å få partia til å nominere fleire kvinnelege kandidatar til politiske verv.[4] Aspelund blei oppnemnd som medlem av medisinsk forskingsetisk komité av Kultur- og vitskapsdepartementet i 1985.[5]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Helse-forvalteren». Stavanger Aftenblad. 22. november 1986. «Kristin Aspelund er som en forfriskende virvelvind innen den norske legestand. Hun er frittalende og uredd. En tøff kvinne med hjerte for de svake i samfunnet.» 
  2. «Antirøyke-generalen er klar». Stavanger Aftenblad. 25. juni 1988. s. 3. 
  3. Norges leger. Den norske lægeforening. 1996. ISBN 8290921462. 
  4. «Kvinner skal inn på sikre plasser». Stavanger Aftenblad. 18. november 1986. 
  5. Stavanger Aftenblad. 4. september 1985.