Arbeidstilsynet er ein norsk statleg etat under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Dei har i oppgåve å rettleie om og sjå etter at private og offentlege verksemder vernar om helsa, tryggleiken og miljøet til arbeidarane igjennom føresegnene i arbeidsmiljølova, lønnsgarantilova, ferielova og somme av føresegnene i tobakkskadelova.[4]

Arbeidstilsynet
Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.974761211
Skipa1893
MorselskapArbeids- og inkluderingsdepartementet
HovudkontorTrondheim
LandNoreg[1][2]
Dagleg leiarTrude Vollheim[3]
Nettstadhttp://www.arbeidstilsynet.no (norsk), https://www.arbeidstilsynet.no/en/ (engelsk), https://www.arbeidstilsynet.no/pl/ (polsk)

Oppgåver

endre

Arbeidstilsynet fører tilsyn hjå verksemder i Noreg og kontrollerer om dei følgjer det norske regelverket ved å utføre kontroll og undersøkingar.[5] Arbeidstilsynet har til eikor tid uhindra tilgang til einkvan stad som vert omfatta av lova.[6]

Koordinering

endre

Arbeidstilsynet fungerer som ein koordinerande etat for tilsynsetatane med tilsynsansvar til lands. Arbeidstilsynet koordinerer:[7]

Historie

endre

Arbeidstilsynet har opphavet sitt i Fabrikktilsynet, som vart oppretta som eit kommunalt forvaltingsorgan i 1893. Det vart vidareført som Sjefsinspektoratet for arbeidstilsynet frå 1914.[8]

Kontor

endre

Etaten er organisert med eit direktorat i Trondheim, Direktoratet for arbeidstilsynet, og under dette sju regionkontor med lokale tilsynskontor under dei, slik at heile landet er dekt. Regionkontora ligg i Oslo, Moss, Hamar, Skien, Bergen, Trondheim og Finnsnes.

Kjelder

endre
  1. Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 7806, Wikidata Q7061260 
  2. Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 55500, Wikidata Q7061260 
  3. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ny-direktor-i-arbeidstilsynet/id2522530/.
  4. Arbeids- og inkluderingsdepartementet. «Arbeidstilsynet» (på norsk bokmål). Regjeringen.no. Henta 25. mars 2023. 
  5. «§18-1. Arbeidstilsynet» (på norsk bokmål). Lovdata. Henta 25. mars 2023. 
  6. «§18-4. Arbeidstilsynets adgang til virksomheten» (på norsk bokmål). Lovdata. Henta 25. mars 2023. 
  7. «Organisering» (på norsk bokmål). Arbeidstilsynet. Henta 25. mars 2023. 
  8. Gisle, Jon. «Arbeidstilsynet» (på norsk bokmål). Store norske leksikon på snl.no. Henta 25. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre