Kristin Glosimot Kjelsberg (fødd 7. november 1958) er ein norsk tidlegare handballspelar. Ho spelte 112 landskampar og skåra 371 mål for Noregs landslag i tida frå oktober 1978 til desember 1983.

Rykkromspelaren Glosimot var aktiv i Bækkelaget SK til 1985, deretter spelte ho eit par sesongar i Kraby/Starum-73. Ho deltok i Handball-VM 1982 der Noreg vart nummer 7. Glosimot var i lange periodar mykje skadeplaga.

Kjelder endre