Kristina Hochmuth
Kristina Hochmuth (fødd 24. oktober 1946) er ein tysk tidlegare handballspelar frå Zwickau som tevla for Aust-Tyskland. Ho vart verdsmeister i 1971, 1975 og 1978. Hochmuth var spelstyrar.
Kristina Hochmuth | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 24. oktober 1946 (78 år) Zwickau |
Idrett | handball |
Tok del i | kvinnehandball ved sommar-OL 1976, kvinnehandball ved sommar-OL 1980 |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstorden i sølv, Hall of Fame des deutschen Sports, Handballer des Jahres |
Karriere
endreKlubbspel
endreHochmuth spelte på TSC Berlin frå 1965 til 1980. Med klubben frå Aust-Berlin vann ho EHF-cupen i 1978 og EHF-cupvinnarcupen i 1977 og 1979. Elles vart ho aust seriemeister fire gongar og like mange gongar nasjonal cupmeister.
Landslagsspel
endreFrå 1966 til 1980 deltok Hochmuth i 235 landskampar og skåra 880 mål. Ho var ein sentral spelar då Aust-Tyskland vann tre av fire VM-turneringar i tida 1971-78. I Handball-VM 1978 vart ho toppskårar med 41 nettkjenningar. Hochmuth var også med då det austtyske mannskapet sikra seg OL-sølv i 1976 og OL-bronse i 1980.
Merittar
endre- Verdsmeister: 1971, 1975 og 1978 for Aust-Tyskland
- OL-sølv: 1976 for Aust-Tyskland
- OL-bronse: 1980 for Aust-Tyskland
- Vinnar av EHF-cupen: 1978 med TSC Berlin
- Vinnar av EHF-cupvinnarcupen: 1977 og 1979 med TSC Berlin
- Austtysk seriemeister: 1974, 1977, 1978 og 1980 med TSC Berlin
- Austtysk cupmeister: 1977, 1978, 1979 og 1980 med TSC Berlin
Kjelder
endre- «Kristina Richter» (på engelsk). Olympedia.
- Denne artikkelen bygger på «Kristina Richter» frå Wikipedia på tysk, den 4. desember 2021.