Zwickau
Markedet i Zwiackau
Markedet i Zwiackau
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Zwickau
Zwickau is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Sachsen
Chemnitz
Kreisfri by
Grunnlagd 600-talet
Geografi
Flatevidd
 - By

102,54 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

96 786
  944/km²
Koordinatar 50°43′0″N 12°30′0″EKoordinatar: 50°43′0″N 12°30′0″E
Høgd over havet 241-444 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 08001-08066
Telefon-retningsnummer 0375
Bilnummer Z
Heimeside: www.zwickau.de

Zwickau er ein by i Tyskland i delstaten Sachsen med om lag 95 000 innbyggjarar. Byen ligg i ein dal ved foten av Erzgebirge, på venstresida av elva Zwickauer Mulde, 130 km sørvest for Dresden, sør for Leipzig og sørvest for Chemnitz.

HistoryEndra

Området rundt Zwickau vart busett av slavarar600-talet. På 900-talet kom germanarar til området og dei innfødde slavarane vart kristna. Ein kjøpstad kalla «Zcwickaw» vart nemnd i 1118. Busetnaden fekk byrettar i 1212, og husa fransiskanarar og cistercianarar på 1200-talet. Zwickau var ein fri keisarby frå 1290 til 1323, men vart så gjeven bort til markgrevskapet Meissen. Sjølv om ein byrja med gruvedrift i området i 1316, auka gruveaktiviteten kraftig då ein oppdaga sølv i Schneeberg i 1470.

Anabaptistrørsla byrja i Zwickau 1525 med inspirasjon frå Zwickauprofetane. Under trettiårskrigen vart byen plyndra.

Komponisten Robert Schumann vart fødd i Zwickau i 1810 i eit hus som framleis står på marknadsplassen.

Under den andre verdskrigen styret regjeringa ein nazistisk konsentrasjonsleir i Zwickau. Etter at amerikanarane frigjorde byen i 1945 kom han under sovjetisk kontroll.

 
Ampelfrau

Frå 1949 til 1990 høyrte Zwickau til Aust-Tyskland og var eit sentrum for kolbryting.

I november 2004 vart trafikklysa med Ampelmannen byta ut med dei første trafikklyskvinnene, eller Ampelfrau, som første by i Tyskland.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra