Kristine Breistøl
Kristine Breistøl (fødd 23. august 1993) er ein norsk handballspelar frå Oslo. Ho er europameister 2020 og 2022, verdsmeister 2021 og olympisk meister 2024 med Noregs landslag. Sommaren vart ho klar for å spele for det ungarske meisterlaget Győri ETO.
Kristine Breistøl | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. august 1993 (31 år) Oslo |
Idrett | handball |
Tok del i | Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner |
Klubbspel
endreBreistøl var aktiv i Bækkelaget SK fram til 2012. Perioden 2012–18 gjorde ho teneste i Larvik HK, den dominerande klubben i norsk kvinnehandball. Med Larvik vart ho seriemeister fem år i rad, og ho vann like mange NM-gull. Sommaren 2018 fekk ho kontrakt med Esbjerg, der ho dei to fyrste sesongane vart dansk seriemeister. Frå hausten 2024 spelar ho for Győri ETO i Ungarn.
Landslagspel
endreBreistøl fekk sin landslagdebut for Noreg 6. oktober 2016. Ho deltok under Handball-VM 2019 i Japan og i Handball-EM 2020 i Danmark. I begge desse meisterskapane fekk ho lite speletid, europameisterskapen enda med norsk triumf og gullmedalje til Breistøl.
Merittar landslag
endre- VM 2019: Nr 4 etter 28–33 mot Russland
- EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike
- OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige
- VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike
- EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark
- VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike
- OL 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike
- EM 2024: Gullmedalje etter 31–23 mot Danmark
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kristine Breistøl» frå Wikipedia på engelsk, den 22. desember 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Kristine Breistøl» frå Wikipedia på fransk, den 22. desember 2020.
- handball.no