Kristine Engeset

(Omdirigert frå Kristine Eikrem Engeset)

Kristine Eikrem Engeset (fødd 15. september 1988 i Ørsta) er ein norsk friidrettsutøvar som vart noregsmeister på 1500 meter i 2007. Ho vann fleire sølv- og bronsemedaljar på distansane 800, 1500 meter og 3000 meter hinder i tida 2006-17.

Kristine Engeset


Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. september 1988 (35 år)
Ørsta kommune
Idrett friidrett

Aktiv endre

Engeset forbetra den norske innandørsrekorden på 1500 meter til 4.16,0 ved eit stemne i Stockholm 20. februar 2007. 2. juni same året sette ho personleg rekord på same distansne då ho kom på andreplass i Florø-stemnet 2007. Tida 4.09,4 vart verande hennar personbeste på 1500 meter.

18.mai 2023 sette ho personleg rekord på 5000 meter i Stockholm , med tida 15.44,21.

  Denne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.