Kristine Engeset
Kristine Eikrem Engeset (fødd 15. september 1988 i Ørsta) er ein norsk friidrettsutøvar som vart noregsmeister på 1500 meter i 2007. Ho vann fleire sølv- og bronsemedaljar på distansane 800, 1500 meter og 3000 meter hinder i tida 2006-17.
Kristine Engeset | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. september 1988 (36 år) Ørsta kommune |
Idrett | friidrett |
Aktiv
endreEngeset forbetra den norske innandørsrekorden på 1500 meter til 4.16,0 ved eit stemne i Stockholm 20. februar 2007. 2. juni same året sette ho personleg rekord på same distansne då ho kom på andreplass i Florø-stemnet 2007. Tida 4.09,4 vart verande hennar personbeste på 1500 meter.
18.mai 2023 sette ho personleg rekord på 5000 meter i Stockholm , med tida 15.44,21.
Denne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.