Kristologi (frå gresk, tyder ‘læra om Kristus’) er eit avgjerande felt innanfor kristen teologi som tek for seg spørsmålet om kven Jesus Kristus var og er. Dette spørsmålet er avgjerande for kristen identitet, altså kva og kven ein kan kalla «kristen».

Kristologien tek på den eine sida for seg det jordiske livet til Jesus, altså kven han var reint historisk sett, og på den andre sida kven han var og er i teologisk forstand, med inkarnasjonen og med skjelsetjande hendingar som unnfanginga hans, fødselen, liv og lære, død, oppstanding, himmelfart og attkome. Desse hendingane har funne uttrykket sitt i den apostoliske og den nikenske truvedkjenninga og er derfor fellesgods for kristne til alle tider.

Temaet «Guds rike» blir i nyare teologi, som hjå kardinal Walter Kasper og hos professorane Wolfhart Pannenberg og Jürgen Moltmann, knytt til kristologien. Det kan forståast å vera overskrifta over og hovudbodskapen i framferda og forkynninga til den historiske Jesus. «Guds rike» knyter òg Jesu eigen person til den kristne bodskapen, jf. «Guds rike er kome nær». Det inneber at også Kristus-trua til kyrkja er direkte avhengig av det jordiske livet til Jesus, fordi det er same person og same bodskap det er tale om. Slik sett er «Guds rike» eit nøkkelomgrep i kristologien og bind hovuddelane hans saman.

Forholdet mellom den historiske Jesus og Kristus-trua til kyrkja blir også diskutert i det som er det mest sentrale temaet i kristologien, nemleg spørsmålet om dei to naturane, eller forholdet mellom Kristus som menneske og Kristus som Gud. Kristologien tek også for seg spørsmålet om Sonen som ein av personane i Den heilage treeininga og verknaden av Kristi virke på jorda.

Dei ulike kristologiske synspunkta har vore sentrale i mange av konfliktane innan kristendommen, og det er store variasjonar i tolkinga av kven Kristus var mellom dei ulike kyrkjesamfunna. Det blir også diskutert kven han er, her og no. I fleire tilfelle har kristologien vore det definerande elementet for ei kristen retning, og nokre av dei tidlegaste utbrytargruppene er kjende under eit namn som beskriv kristologien deira.

Etter mellomalderen utvikla det seg ei meir systematisk tilnærming til kristologiske spørsmål.

Omgrep endre

Med ein «kristologi frå ovan» legg ein Jesu preeksistens og guddommelegheit som Logos, Ordet, til grunn for vidare utvikling av kristologisk lære (Joh 1,1–14). Ei slik tilnærming til kristologi var karakteristisk for urkyrkja, og byrja med Ignatius av Antiokia i det andre hundreåret. Omgrepet «kristologi frå nedan» karakteriserer ei tilnærming til Jesus som byrjar med livet hans som menneske og virket hans på jorda, for så å arbeida med spørsmål om guddommelegheita og inkarnasjonen hans.

Omgrepet «monastisk kristologi» er blitt brukt til å beskriva spirituelle tilnærmingar utvikla av Anselm av Canterbury, Pierre Abélard og Bernhard av Clairvaux. Den fransiskanske fromheita på 1100- og 1200-talet leidde vidare til ein «folkeleg kristologi». Meir systematiske tilnærmingar til kristologi, av teologar som Thomas Aquinas, har merkelappen «skolastisk kristologi».

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Haystrup, Helge: Kristusbekendelsen i Oldkirken, København, C. A. Reitzels Forlag 1979.
  • Skarsaune, Oskar: Inkarnasjonen – myte eller faktum?, Oslo, Lunde forlag 2000.
  • Haanes, Vidar L.: Han er både Gud og mann – Humanister og reformatorer mellom nyplatonsk λογος-spekulasjon og aristotelisk metafysikk, Oslo, Det teologiske Menighetsfakultet 2002.