Krisztián Berki
Krisztián Berki (fødd 18. mars 1985) er ein ungarsk tidlegare turnar frå Budapest. Han var spesialist i bøylehest: perioden 2005-14 vart han seks gongar europameister i øvinga, samt trefaldig verdsmeister og i 2012 olympisk meister.
Krisztián Berki | |
Statsborgarskap | Ungarn |
Fødd | 18. mars 1985 (39 år) Budapest |
Idrett | turn |
Tok del i | Turn under Sommer-OL 2012 – Bøylehest menn |
Utmerkingar | æresborger av Budapest, offiser av Ungarns fortjenstorden |
Berki vann gullmedalje på bøylehest ved europameisterskapen i 2005, 2007, 2008, 2009, 2011 og 2012. Etter sølvmedaljar i øvinga ved Turn-VM 2007 og 2009, sikra han seg gullmedaljen under Turn-VM 2010, 2011 og 2014. Også ved Sommar-OL 2012 i London vann han bøylehest-øvinga, hårfint framom arrangørlandets Louis Smith.
I 2016 vart eit bøylehest-element med vanskegrad E kalla opp etter Berki.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Krisztián Berki» frå Wikipedia på engelsk, den 16. januar 2024.
- «Krisztián Berki» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 17. april 2024.