Krma
Krma er ein fjelldal i Dei juliske Alpane i Gorenjska i Slovenia.
Krma | |||
dal | |||
Land | Slovenia | ||
---|---|---|---|
Krma 46°24′02″N 13°55′25″E / 46.400552777778°N 13.923669444444°E | |||
Wikimedia Commons: Krma Valley |
Krma er den lengste og austlegaste av bredalane nær Mojstrana. Fleire ruter gjennom Triglav nasjonalpark starta her. Dalen endar opp i Radovnadalen.
Omtrent to tredjedelar opp i dalen ligg fjellhytta Kovina (892 moh.), som er ein populær stoppestad for fjellklatrarar. Hytta var opphavleg ei gjetarhytte, men vart opna for ålmenta i 1948. I 1959 vart det bygd ei ny og større hytte. Ho vart renovert i 1983 og er open frå byrjinga av juni til slutten av september.
Av fjell rundt Krma finn ein mot søraust Debela peč (2014 m), Lipanski vrh (1965 m), Debeli vrh (1962 m), Mali Draški vrh (2132 m), Veliki Draški vrh (2243 m) og Tosc (2275 m); mot vest Macesnovec (1926 m), Luknja peč (2245 m) og Rjavina (2532 m).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Krma» frå Wikipedia på engelsk, den 15. april 2009.