Radovnadalen
Radovnadalen (slovensk Dolina Radovne) er ein fjelldal i Dei juliske Alpane i regionen Gorenjska i Slovenia.
Radvonaelva, som vert danna av fleire små elvar frå bredalane Krma og Kot, renn gjennom han.
Han er omgjeven av dei nordlege delane av Pokljuka-platået, foten av Triglavfjella og den høgaste toppen på Mežaklaplatået, Jerebikovec (1593 moh). Han har vegtilkomst via Kosmačpasset i nord til den nærliggande Mojstrana og ein annan veg fører ned dalen til Bled.
Store grassletter i dalen vert nytta som beitemarker for kyr. Her finst òg mange feriebustader gjennom dalen.
Den største busetnaden i dalen er Zgornja Radovna med eit av dei eldste tradisjonelle gardshusa i Triglav nasjonalpark. Huset har årstalet 1775 gravert inn i ein av bjelkane og eit skriftleg dokument frå 1672.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Radovna Valley» frå Wikipedia på engelsk, den 16. april 2009.