Kromatisk skala

(Omdirigert frå Kromatisk)

Ein kromatisk skala er ein skala som berre består av halvtonetrinn, f.eks. c-ciss-d-diss osb. Dette gjer at ein oktav inneheld tolv etterfølgjande tonar. Innanfor likesvevande temperering finst det ingen grunntone i den kromatiske skalaen, då toneforholda er like uansett kva for tone ein startar på.

Frekvensforhold endre

Frekvensane for to tonar med eitt oktavsintervall har forholdstalet 2. Ettersom alle halvtonar ved «normal», det vil seie temperert, stemming har same frekvensforholdstalet og talet halvtonetrinn i ein oktav er 12, er frekvensforholdstalet mellom to halvtonar   = 1,059463....

Kromatisk skala i C: full oktav stigande og fallande

Sjå òg endre