Kruševac
Kruševac (serbisk Крушевац) er ein by og ein kommune i Serbia. I 2022 hadde sjølve byen 53 746 innbyggjarar, medan kommunen hadde 113 582. Kruševac er det administrative senteret i distriktet Rasina.
Kruševac Крушевац | ||
---|---|---|
Utsyn over Kruševac | ||
| ||
Styresmakter | ||
Region Distrikt |
Šumadija og vestlege Serbia Rasina | |
Grunnlagd | 1371 | |
Geografi | ||
Flatevidd | 854 km² | |
Flatevidd - By |
854 km² | |
Innbyggjarar[1] - By (2022) - Byområde |
113582 53746 | |
Tidssone | UTC+01:00 (UTC) | |
Diverse anna | ||
Postnummer | 37000 | |
Telefon-retningsnummer | www.krusevac.org.rs | |
Bilnummer | KŠ | |
Plassering | ||
Historie og monument
endreKruševac vart grunnlagd i 1371.[2] Det var i Kruševac at den serbiske adelsmannen Lazar, samla ein serbisk hær mot Det osmanske riket i slaget ved Kosovo i 1389. Ruinane av palasset hans er framleis synleg i dag. Her står òg ei kyrkje frå same periode med vakre rosevindauge og skulpturar av påfuglar, drakar og ørner på veggane. Fleire gamle, tyrkiske hus finst framleis i byen, mellom anna ei tyrkisk fontene og eit bad.
Det finst òg eit stort monument tileigna slaget i Kosovo (Бој на Косову, Boj na Kosovu). Som ein del av monumentet finst ein statue av den kjende serbiske diktaren og «gusle»-spelaren Filip Višnjić.
Befolkningsutvikling
endreÅr | Folketal[3] |
---|---|
1948 | 87 853 |
1953 | 94 827 |
1961 | 103 190 |
1971 | 118 016 |
1981 | 132 972 |
1991 | 138 111 |
2002 | 131 368 |
2011 | 128 752 |
2022 | 113 582 |
Busetnader
endreDei største busetnadane i kommunen er:[3]
Folketal 2002 | Folketal 2011 | Folketal 2022 | |
---|---|---|---|
Kruševac | 57 347 | 58 745 | 53 746 |
Mudrakovac | 3 366 | 4 059 | 3 924 |
Čitluk | 3 154 | 3 114 | 2 770 |
Malo Golovode | 2 369 | 2 604 | 2 423 |
Dedina | 2 775 | 2 687 | 2 380 |
Pakašnica | 1 929 | 2 375 | 2 071 |
Veliki Šiljegovac | 2 682 | 2 382 | 1 993 |
Pepeljevac | 2 101 | 2 175 | 1 942 |
Parunovac | 2 179 | 2 026 | 1 809 |
Jasika | 2 040 | 1 784 | 1 537 |
Galleri
endre-
Klokketårn
-
Mellomalderruinar i Kruševac.
-
Kruševac panorama.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kruševac» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2009.
Referansar
endre- ↑ «Укупан број становника, по насељеним местима / Total population, by settlements» (xlsx). Републички завод за статистику (Statistikkontoret for Republikken Serbia). Henta 30. september 2024.
- ↑ СО Крушевац, званична презентација
- ↑ 3,0 3,1 «"Упоредни преглед броја становника 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. и 2022. године Comparative overview of the number of population in 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. and 2022."». stat.gov.rs. Statistical Office of the Republic of Serbia. Henta 30. september 2024.