Krutsamansverjinga

Krutsamansverjinga (engelsk the Gunpowder Plot) var ei samansverjing med mål om ta livet av kong Jakob I av England og medlemene i det engelske parlamentet under opninga av parlamentet i 1605. Namnet kjem av metoden som skulle nyttast; tønner med krut var plasserte i kjellaren under Houses of Parliament.

Dei samansvorne

Dei mest kjende medlemene av den katolske gruppa som stod bak samansverjinga var Guy Fawkes og Robert Catesby. Andre medlemer var Thomas Wintour, Robert Wintour, Christopher Wright, Thomas Percy, John Grant, Ambrose Rokewood, Robert Keyes, sir Everard Digby, Francis Tresham og Thomas Bates.

Samansverjinga vart avslørt i siste augneblinken, og lunta til kruttønnene vart sløkt. Medlemene i gruppa vart avretta for høgforræderi.

Målet til dei samansvorne var å ta livet av den protestantiske eliten og om mogleg få innført katolisismen att i England.

I Storbritannia og til dels i andre engelsktalande land er det vanleg å feira Guy Fawkes Night, Guy Fawkes-natta. Feiringa skjer kvart år om kvelden og natta den 5. november, til minne om krutsamansverjinga den 5. november 1605.

I samband med feiringa syng ein:

Remember, remember the fifth of November,
gunpowder, treason and plot,
I see no reason why gunpowder treason
should ever be forgot.
Guy Fawkes, Guy Fawkes,
'twas his intent
to blow up the King and the Parliament.
Three score barrels of powder below,
Poor old England to overthrow:
By God's providence he was catch'd
With a dark lantern and burning match.
Holloa boys, holloa boys, make the bells ring.
Holloa boys, holloa boys, God save the King!
Hip hip hoorah!