Guido Fawkes (13. april 157031. januar 1606), vanlegvis kjend ved den engelske forma Guy Fawkes, nytta òg dekknamnet John Johnson, var eit medlem av ei samansverjing av engelske katolikkar som stod bak krutsamansverjinga i 1605.

Guy Fawkes

Statsborgarskap Kongeriket England
Fødd ca. 13. april 1570
York
Død

31. januar 1606 (35 år)
Westminster

Yrke militær, soldat
Språk engelsk
Religion katolisisme
Far Edward Fawkes
Mor Edith Jackson (Blake)
Ektefelle ingen verdi
Guy Fawkes på Commons
Underskrifta til Fawkes på tilståinga om samansverginga. Øvst, svært svak og skjelvande like etter torturen. Nedst, åtte dagar seinare.

Samansverjinga var eit forsøk på å ta livet av kong Jakob I av England og medlemene av parlamentet medan dei var samla for den formelle opninga av parlamentet. Målet var å ta livet av den protestantiske eliten og om mogleg få innført katolisismen att i England. Tønnene med krut i kjellaren under Houses of Parliament vart oppdaga, og forsøket mislukkast. Fawkes vart arrestert, og tilstod under tortur. Han vart avretta ved henging, trekking og kvartering.

Guy Fawkes Night

endre
 
Modell av Guy Fawkes brunnen i Lewes i Sussex i samband med Guy Fawkes Night.

I Storbritannia og til dels i andre engelsktalande land er det vanleg å feira Guy Fawkes Night, Guy Fawkes-kvelden, eller Bonfire Night. Feiringa skjer kvart år om kvelden og natta den 5. november, til minne om krutsamansverjinga den 5. november 1605.

I samband med feiringa syng ein:

Remember, remember the fifth of November,
gunpowder, treason and plot,
I see no reason why gunpowder treason
should ever be forgot.
Guy Fawkes, Guy Fawkes,
'twas his intent
to blow up the King and the Parliament.
Three score barrels of powder below,
Poor old England to overthrow:
By God's providence he was catch'd
With a dark lantern and burning match.
Holloa boys, holloa boys, make the bells ring.
Holloa boys, holloa boys, God save the King!
Hip hip hoorah!

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Guy Fawkes
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.