Krutvatnet

vatn i Hattfjelldal i Nordland

Krutvatnet (sørsamisk Kruvhtegenjaevrie) er ein innsjø som ligg i Hattfjelldal kommune i Nordland. Vatnet ligg ved Riksveg 73, mellomriksvegen frå E6 ved Trofors til E12. R73 er ein del av Krutfjellvegen. Nordlandsruta, ei merket vandrerute frå Abisko til Nord-Trøndelag, passerer på nordsida av Krutvatnet. Vatnet har ein blanda fiskebestand av både røye og aure. Det er fanga fisk over 6 kg. Ei regulering av vatnet for kraftproduksjon var planlagt gjennomført 2010-2012.

Krutvatnet
innsjø
Flyfoto av Krutvatnet sett frå vest mot aust

Foto: Erlend Bjørtvedt

Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Hattfjelldal
Høgd over havet 586 moh.
Areal 9,36 km²
Kystlengd1 23,40 km
Koordinatar 65°41′31″N 14°24′51″E / 65.69194°N 14.41417°E / 65.69194; 14.41417
Kart
Krutvatnet
65°41′31″N 14°24′51″E / 65.691944444444°N 14.414166666667°E / 65.691944444444; 14.414166666667
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.