Hattfjelldal kommune

kommune i Nordland

Hattfjelldal (sørsamisk Aarborten tjïelte[1]) er ein kommune på Helgeland i Nordland fylke.

Hattfjelldal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Hattfjelldal
Areal 2 684 km²
 - land 2 427 km²
 - vatn 257 km²
Folketal 1 284  (1. januar 2024)
Målform bokmål, nynorsk
Norsk målform nøytral
Samisk språk sørsamisk
Ordførar Harald Lie (Sp)
Kommunenr. 1826
Kart
Hattfjelldal
65°32′51″N 14°08′04″E / 65.5475°N 14.134444444444°E / 65.5475; 14.134444444444
Wikimedia Commons: Hattfjelldal
Nettstad: www.hattfjelldal-kommune.no

Han grensar mot Hemnes i nord, Grane og Vefsn i vest, og mot Røyrvik i Nord-Trøndelag i sør. I aust ligg Sverige (kommunane Storuman og Vilhelmina i Västerbotten).

Administrasjonssentrum i kommunen er Hattfjelldal, som har 613 innbyggjarar (2012). Her ligg også Sameskolen, som gjev opplæring i sørsamisk. Skogbruk og landbruk er dei viktigaste næringsvegane i kommunen. Den største industribedrifta er sponplatefabrikken Arbor. Kommunen har riksvegssamband til Sverige og til Trofors.

Frå 1. juli 2017 er Hattfjelldal kommune innlemma i Samisk språkforvaltingsområde, som den tredje frå sørsamisk område, og er dermed offisielt tospråkleg norsk og samisk.[2]

Geografi endre

 
Hatten i Hattfjelldal.

Store delar av kommunen består av skog- og fjellområde. Kommunen har fått namn etter fjellet «Hatten». Størsteparten av det nest største vatnet i Noreg, Røssvatnet, ligg i kommunen. Andre innsjøar er Krutvatnet, Elsvatnet og Daningen.

For meir om dette emnet, sjå Høgaste fjella i Hattfjelldal.

Historie endre

Hattfjelldal var frå gammalt ein del av Vefsn sokn og tinglag. Omkring 1728 fekk Finnemisjonen reist eit kapell i Hattfjelldalen. Det var samemisjonæren Lorenz Dass som tok inititativet til bygginga, truleg med økonomisk bistand frå far sin, prosten og godseigaren Anders Dass, son til diktarpresten. Den første dokumenterte preikehelga i kapellet var i månadsskiftet juli/august 1730, men det manglar blad frå sommarmånadene både i 1727, 1728 og 1729, så vi kan ikkje sikkert slå fast når kapellet vart tatt i bruk. Kappellsoknet i Hattfjelldal vart eige prestegjeld ved kongeleg resolusjon 3.8.1859, og skulle omfatte «Susendalens og Rysvandsbygdens Districter til og med Gaarden Gryteselv». Det same området vart eigen kommune frå 1862. I 1802/03 etablerte Finnemisjonen ein sameskule i Hattfjelldal. Skulen var i drift som særskule til han vart overtatt av kommunen og tatt i bruk som folkeskule i 1869. I 1951 vart det på nytt etablert ein sameskule for midt-Noreg i Hattfjelldal.

Under andre verdskrigen vart det bygd ein flyplass på den store sletta ved garden Hattfjelldalen.

I 1957 starta sponplatefabrikken Arbor opp i hangaren på den gamle flyplassen. Med det starta ei ny framtod for kommunen, og i første delen av 1960-åra var folketalet i kommunen over 2000 innbyggarar.

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.