Kryssfiner
Kryssfiner er ein type konstruksjonsvirke som er laga ved at tynne lag av finer er limt lagvis saman. Til vanleg slik at fibrane i kvart lag ligg 90 grader på kvarandre. Oftast er det og med eit odde tal lag, slik at plata får best mogleg eigenskapar mot å slå seg.[1] Dermed kjem også fibrane i dei ytste laga normalt til å ligge parallelt. Platene vert limde saman, oftast med eit fenol-formaldehydlim under stort trykk.[2] Dette gjer kryssfiner til eit slags komposittmateriale.[3]
Ei vanleg grunngjeving for å bruke kryssfiner i staden for heiltre eller stavlimt heiltre, er evna til å motstå sprekking, krymping og vriding. Ofte er også kryssfiner sterkare enn heiltre.
Bruk
endreKryssfiner vert brukt i mange samanhengar der ein treng ei sterk plate som kan motstå sprekking, krymping og vriding. Kryssfiner kan og inngå som berande element som til dømes i ytterflata på ei flyveng. Kryssfiner kan framstillast med dobbelkrumme flater og vere heilt sjølvberande som i skroget på ein sculler. Kryssfiner har vore brukt i båt- og flyindustrien sidan andre verdskrigen. Eit kjent døme er det britiske bombeflyet De Havilland Mosquito som i all hovudsak var laga i tre.
Sjå og
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kryssfiner» frå Wikipedia på bokmål, den 9. januar 2021
Fotnotar
endre- ↑ Plywood basics, arkivert frå originalen 2. november 2008, henta 9. januar 2021
- ↑ Handbook of Finnish Plywood, Finnish Forest Industries Federation, 2002, ISBN 952-9506-63-5 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 27. september 2007, henta 9. januar 2021
- ↑ "Milestones in the History of Plywood" Arkivert 2011-07-17 ved Wayback Machine., APA - The Engineered Wood Association. Vitja oktober 22, 2007. "plywood is often called the original engineered wood product because it was one of the first to be made by bonding together cut or refashioned pieces of wood to form a larger and integral composite unit stronger and stiffer than the sum of its parts."
Bakgrunnsstoff
endre- APA – The Engineered Wood Association (formerly known as the American Plywood Association)
- Canadian Plywood Association – Plywood Manufacturing Process, Grades and Specifications, Engineering Design Values, Technical Literature, Mill Contact Info, Environmental Practices, International Certification, Hobby Ply-Plans
- Sellers, Terry. 1985. Plywood and Adhesive Technology. New York: Dekker. ISBN 0-8247-7407-8
- Yahoo about Article On Plywood Grades
- Handbook of Finnish Plywood