Ktenasitt
Ktenasitt er eit sjeldan koparmineral som blir danna ved låg temperatur i gamle gruvehaugar og stollar. I Noreg er det kjent frå Glomsrudkollen sinkgruver på Modum. Mineralet finst i små, grøne til blågrøne, plateforma krystall med monoklin symmetri. Den kjemiske samansetjinga er (Cu,Zn)5(SO4)2(OH)6·6H2O.
Det er kalla opp etter den greske mineralogen K. A. Ktenas (1884–1935).
Kjelder
endre- Ktenasitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/ktenasitt.