Spikarjarn

(Omdirigert frå Kubein)
Spikarjarn.
Fjerning av golvbord med spikarjarn.

Spikarjarn eller brekkjarn er ein snikkarreiskap som vert nytta for å trekkja ut gamal fastrusta spikar med og for å løysa bord, riva forskaling osb. Spikarjarn med klauv i ein ende, som på ei ku, kan ein også kalla kubein.[1]

UtformingEndra

Spikarjarn er ofte laga av ei heksagonalt står, for at det skal vera betre å få eit godt tak. Den eine enden er forma som ei klo, med ei kløyv som vert nytta for å ta tak i spikar som skal dragast ut. Begge endane er flate for at det skal vera lettare å få dei inn under bord og plankar som skal løysast.

BrukEndra

Forskalingssnikkarar nyttar ofte spikarjarn når dei skal fjerna forskaling, bygningsarbeidarar nyttar det for å riva gamal kledning og liknade under restaurering, men òg under nybygg. Båtbyggarar gjer seg òg nytte av spikarjarn for ymse oppgåver. Mange huseigarar, som sjølve gjer mindre reparasjonsarbeid, har ofte eit spikarjarn i kjellaren, eller i ei snikkarbu.

KjelderEndra

  1. «kubein» i Nynorskordboka.