Kulturalliansen
Kulturalliansen er namnet på eit kulturpolitisk samarbeid mellom organisasjonane Noregs Ungdomslag, Frilynt Norge, Norsk Amatørteaterforbund, Studieforbundet kultur og tradisjon og Norsk musikkråd. Alliansen blei oppretta våren 2015, i samband med at dei fem organisasjonane fann hadde eit felles ønskje om ein eigen paraplyorganisasjon for dei frivillige kulturorganisasjonane i Noreg.
Kulturalliansen mottok i august 2015 ein million kroner frå Kulturdepartementet for å kartlegge og utgreie behovet for ein felles nasjonal møteplass for dei frivillige kulturorganisasjonane.
Arbeidet til kulturalliansen startar opp hausten 2015, der første milepålen er eit nasjonalt seminar for kulturorganisasjonane i oktober 2015.