Noregs Ungdomslag
Noregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896 og er ein kulturorganisasjon med om lag 14 000 medlemmer i nær 400 lokallag i heile Noreg. Laget har vore ei viktig del av ungdomsrørsla, målrørsla og norskdomsrørsla gjennom historia.
Noregs Ungdomslag | |||
Type | forening/lag/innretning | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 939550550 | ||
Skipa | 12. juli 1896 | ||
Medlemmer | 14 000 | ||
Nettstad | https://ungdomslag.no ![]() |
Føremål
endreNoregs Ungdomslag skal gjennom folkelege kulturaktivitetar skape engasjement og levande lokalmiljø.
Prinsipprogram
endrePrinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag er bygd kring fire kjerneverdiar, som ligg til grunn for politikken til organisasjonen:
Frilyndt
Noregs Ungdomslag er tufta på eit frilyndt grunnsyn. Å vere frilyndt er å vere tolerant, og å sjå mennesket for kva det er og kva det kan vekse seg til å bli.
Samfunnsengasjement
I ungdomslaga arbeider vi for gode og livskraftige lokalsamfunn i heile landet. Medlemmane får mot til å engasjere seg og arbeide for det dei trur på. Gjennom deltaking i laga sine aktivitetar og demokratiske prosessar utviklar medlemmane seg som sjølvstendige og fellesskapsorienterte menneske.
Folkeleg kultur
I Noregs Ungdomslag brukar, formidlar og vidareutviklar vi kulturarv og folkelege kulturutrykk. Med humor, kreativitet, galskap og fantasi skaper vi samtidig rom for nye tankar og aktivitet.
Samværskultur
I Noregs Ungdomslag har vi ein inkluderande samværskultur med trygge og rusfrie møteplassar, der alle blir møtt med respekt uansett alder, bakgrunn, politisk ståstad og livspraktisering.
Sist endra på landsmøtet i 2017.
Historie
endreNoregs Ungdomslag vart skipa på eit møte i Turnhallen i Trondheim 11.-12. juli 1896. Det møtte 18 representantar frå sju fylkeslag (den gong «fælleslag»): Eidsiva (Austfold og Akershus), Romsdal, Inntrøndelag, Telefylket, Aust-Agder, Sunnmøre og Breidablikk (N. Østerdalen, Røros og Ø. Gauldalen). Peter Slotsvik vart vald til den første leiaren.
Namnet kom den første tida til å veksle mellom Det norske ungdomslaget og Norges Ungdomslag før det i 1897 blei fastsett til Norigs Ungdomslag. I 1922 blei namnet endra til Noregs Ungdomslag.
Organisasjon
endreOrganisasjonen har om lag 14 000 medlemer i 21 fylkeslag og nær 400 lokallag. Mange av bylaga heiter bondeungdomslag, men størstedelen av laga heiter ungdomslag. Andre vanlege lagsnamn er leikarring, teaterlag eller folkedanslag. I Oslo er det ein del bygdelag som er med i organisasjonen og har namn etter ulike regionar, som t.d. Numedalslaget, Håløyglaget, Hallinglaget m.fl. Fylkeslaga går under namn som ungdomslag, ungdomsfylking, ungdomssamlag, samskipnad eller berre fylkeslag.
I organisasjonen finst det om lag 300 ungdomshus, og nokre lag driv lagsbruk med m.a. hotell (ofte under namnet Bondeheimen) og kaffistover.
Laget er styrt av eit styre med ein leiar, to nestleiarar (politisk og organisatorisk), fire styremedlemmar.
Torbjørn Bergwitz Lauen er leiar,[1] og Magni Hjertenes Flyum er generalsekretær.[2]
Aktivitetar
endreAktiviteten i lokallaga er særs variert, men folkedans og amatørteater er sentrale aktivitetar. Døme på andre aktivitetar er kor, idrett, ungdomsklubb, målsak, kinodrift og mykje meir.
Tilskipingar
endreKvar sommar skipar Noregs Ungdomslag til ein sommarleir for ungdom. På sommarleiren er det ulike kurs i m.a. teater, dans og musikk.
Leiarar
endre- 1896-99 Peter Slotsvik
- 1899-01 Sven Moren
- 1901-02 Haakon Åsvejen (Klaus Sletten fungerte)
- 1902-06 Klaus Sletten
- 1906-15 Nikolaus Gjelsvik
- 1915-19 Sven Moren
- 1919-26 Olav Midttun
- 1926-36 Halvdan Wexelsen Freihow
- 1936-47 Knut Eik-Nes
- 1947-55 Vegard Sletten
- 1955-59 Knut Hauge
- 1959-61 Gunnar Jakobsen
- 1961-64 Tor Halle
- 1964-68 Bøye Skeie
- 1968-72 Arne Kløvjan
- 1972-74 Egil Ytrearne
- 1974-76 Ottar Vandvik
- 1976-78 Knut Jacobsen
- 1978-81 Nils Seland
- 1981-83 Jakob Bjerkem
- 1983-86 Unni Fortun
- 1986-89 Kjærsti Evjen
- 1989-91 Leif Inge Underdal
- 1991-94 Berit Nergård Nyre (Troms Ungdomsfylking)
- 1994-96 Bjørnar Borvik (Romsdal Ungdomssamlag)
- 1996-98 Anders Gjerland (Sogn og Fjordane Ungdomslag)
- 1998-00 Sven Ivar Skodjevåg (Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag)
- 2000-04 Johan Einar Bjerkem (Bygdelagssamskipnaden)
- 2004-05 Åge Avedal (Sogn og Fjordane Ungdomslag)
- 2005-09 Gunhild Berge Stang (Sogn og Fjordane Ungdomslag)
- 2009-12 Kristian Fjellanger (Oppland Ungdomslag)
- 2012-16 Endre Kleiveland (Hordaland Ungdomslag)
- 2016- 19 Mette Vårdal (Oppland Ungdomslag)
- 2019 - d.d. Torbjørn Bergwitz Lauen (Bygdelagssamskipnaden)
Tradisjonelt hadde leiaren tittelen «formann».
Kjelder
endre- Fotnotar
- ↑ «Den nye leiaren i Noregs Ungdomslag vil gje ungom ein stad å vere seg sjølv». framtida.no. 30. april 2019.
- ↑ «Styret og tilsette», www.ungdomslag.no (på norsk), henta 24. oktober 2023
Bakgrunnsstoff
endre- Nettstadar
- Litteratur
- Kløvstad, Jan (m.fl.): Ungdomslaget. Noregs Ungdomslag 1896-1996, Oslo : Samlaget, 1995.
- Moren, Sven og Edvard Os: Den Frilynde Ungdomsrørsla - Norigs Undomslag i 25 år, Oslo : Norigs Ungdomslag, 1921.
- Moren, Sven: I Vårvinna - 30 år i ungdomslaget, Oslo : H. Aschehoug & co, 1930.
- NU i Allkunne.no