Kulturnett.no - Kultur i Norge på Nett er den offisielle inngangen til norsk kultur på nettet. Denne norske statlege nettportalen vart oppretta som eit initiativ frå Kyrkje- og kulturdepartementet for å formidle informasjon knytt til kultur, norske kulturinstitusjoner og deira samlingar på internett. Nettportalen vart etablert i 1998 og vart drive av ABM-utvikling frå 2003 til 2010. Kulturnett.no er no ein integrert del av Norsk kulturråd. Kulturnett.no er eit sams vevhotell og tenestetilbydar innan arkiv, bibliotek og museum. Lenking til karttenesta er gjeve løyve til for Wikipedia.

Tenester

endre
  • Oversikt over meir enn 10 000 profesjonelle kunstnarar, musikkgrupper, artistar og andre som utøver ei form for kunst som er norske eller som bur i Norge.
  • Informasjon om over 3 400 kulturinstitusjonar, galleri, bibliotek, museum, arkiv, konsertsalar og liknande i Norge.
  • Kalendar for kulturarrangement i hele landet.
  • Kartbasert oversikt over kulturhendingar i landet.

Kulturnettpartnarar

endre

Kulturnett.no er ikkje berre en nettportal. Det er også eit nettverk av kulturorganisasjonar og regionale partnarar som bidreg med digitalt innhald. Det er viktig at informasjonen kjem ut, og Kulturnett.no brukar også lokale kanalar.

Regionale partnarar

endre
  • Kulturnett Akershus
  • Kulturnett Hordaland
  • Kulturnett Møre og Romsdal
  • Kulturnett Sogn og Fjordane
  • Kulturnett Troms
  • Kulturnett Trøndelag
  • Kulturnett Nordland
  • Kulturnett Hedemark
  • Kulturnett Vest-Agder
  • Kulturnett Østfold

Profesjonelle partnarar

endre

Kulturnett.no samarbeidar med kunstnerorganisasjonar som til dømes Kunstnernes Informasjonskontor, Norsk Musikkinformasjon, Norske dansekunstnere og Den norske forfatterforening.

Bakgrunnsstoff

endre