Kundl er ein kommune i distriktet Kufstein i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 21,9 km² og i kring 4 200 ibuarar. Småbyen Kundl er 526 meter over havet, 18 km sørvest om byen Kufstein, på sørsida av elva Inn. Kundl ligg i eit austvest-gåande dalføre, med kringliggjande barskogkledde åsar og høgdedrag.

Kundl

Maskinprodusenten Lindner Traktorenwerk har base og fabrikk i Kundl, og er saman med produsentar av farmasøytiske varer og trevarer dei viktigaste næringsaktørane i kommunen.

Kjelder endre