Kunnskap
Kunnskap er ei bevisst forståing av noko, ei begrunna sannoppfatning,[1] og med moglegheita til å bruke han til ei bestemt hensikt. Moglegheita til å vita noko er ein sentral (og kontroversiell) del av filosofien og har si eiga avdeling, epistemologi (erkjenningsteori). På eit meir praktisk nivå er kunnskap noko som er felles og delt mellom ei gruppe av menneske og i denne samanhengen kan den bli manipulert og behandla på ulike måtar.
Kunnskap er informasjon kombinert med erfaring, kontekst, fortolking og refleksjon. Kunnskap er ein fornybar ressurs som kan bli bruka om og om igjen. Kunnskap kan bli definert ved å samanlikne eigenskapane til kunnskapen med eigenskapane til informasjonen:
- Informasjon er fragmentert, kunnskap er plassert i ein mental vev der det er meiningsberande koplingar mellom nodane.
- Informasjon kan overførast slik han er. Kunnskap må bli konstruert i ein vev av meiningsberande koplingar.
- Informasjon treng ikkje vera kontekstualisert. Kunnskap er alltid ein del av ein større samanheng.
- Informasjon har klarleik som vilkår. Kunnskap kan ikkje vera forutan intellektuelle utfordringar.
- Meistring av informasjon kan visast gjennom reproduksjon. Meistring av kunnskap visest gjennom nyskapande bruk.
Kunnskap kan ein får igjennom å ha opplevd hendinga sjølv, når andre har opplevd hendinga eller frå ein person med kunnskap innanfor fagfeltet eller allmennkunnskap.
Kjelder
endre- ↑ Ichikawa, Jonathan Jenkins; Steup, Matthias (6. februar 2001). «The Analysis of Knowledge».
Bakgrunnsstoff
endre- Salomon, G. (2002). Technology and pedagogy: - Why don't we see the promised revolution. Educational Technology, 42(2), 71-75.
- Morrow, D. R. (2017) Giving Reasons: An Extremely Short Introduction to Critical Thinking. Hackett Publishing Company. Kapittel 1. ISBN 9781624666223.