Kunst- og designhøgskolen i Bergen
60°23′28.068″N 5°19′56.960″E / 60.39113000°N 5.33248889°E
Kunst- og designhøgskolen i Bergen, tidlegare Kunsthøgskolen i Bergen (KHiB), også kalla Bergen Kunsthøgskole (BKHS), er ein vitskapleg høgskule i Bergen som tilbyd høgare utdanning innan visuell kunst og design. Høgskulen har avdelingar for Kunst og Design. Utdanninga omfattar fagområda fri kunst, visuell kommunikasjon, interiørarkitektur og møbeldesign. Skulen har om lag 350 elevar.[1] Rektor frå 2014 - 2018 er Gerd Tinglum.[2]
Skulen vart oppretta i 1996 då Vestlandets kunstakademi, (skipa i 1972), og Statens høgskole for kunsthåndverk og design, (skipa i 1909), vart samanslegne.
Kunst- og designhøgskolen i Bergen er ein av dei to sjølvstendige nasjonale institusjonane som tilbyd denne utdanninga.[1] Den andre er Kunsthøgskolen i Oslo.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kunsthøgskolen i Bergen» frå Wikipedia på bokmål, den 26. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Kunstkritikk.no, 06.05.14: Paula Crabtree ny rektor ved Kunsthøgskolen i Bergen.
- Kunst- og designhøgskolen i Bergen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren