Kurt Hanssen

norsk journalist

Kurt Hanssen (fødd 1959) er ein norsk kriminalforfattar og journalist busett i Bærum.[1] Han debuterte i 2011 med romanen Forglemmegei. Andreboka kom i 2012 og heiter Nattegjest.[2]

Kurt Hanssen
Nasjonalitet Norsk
Fødd 1959 (64 år)
Yrke Journalist, omsetjar, forfattar
Periode 2011-
Sjanger Kriminallitteratur
Debut Forglemmegei
Nettstad kurthanssen.no

Hanssen har bakgrunn som journalist og bokmeldar i Dagbladet. Han har også omsett bøker av mellom andre Lee Child og Colin Dexter til norsk.[2]

Handlinga i dei to fyrste bøkene er lagt til Bærum og det er politietterforskarane Brede Monsen og Rikke Lindstad som arbeider med sakene.[3]

BøkerEndra

  • 2011 – Forglemmegei – Kriminalroman
  • 2012 – Nattegjest – Kriminalroman

ReferansarEndra

  1. «Kurt Hanssen». Nettstaden til Gyldendal forlag. Henta 6. februar 2012. 
  2. 2,0 2,1 «Kurt Hanssen». Nettstaden til Kurt Hanssen. Henta 6. februar 2012. 
  3. «Nattegjest». Nettstaden til Gyldendal forlag. Henta 6. februar 2012. 

BakgrunnsstoffEndra