Kutuzov
Kutuzov er den største øya i elva Ussuri, eit omstridd område på grensa mellom Russland og Kina. Øya var tidlegare ein del av Kina og vart då kalla Daxitong dao. Sovjetunionen tok over øya under Manchukuo-regjeringa. Øya vart verande russisk etter fallet til Sovjetunionen. Republikken Kina (Taiwan) annerkjenner ikkje dette eller andre landområde som vart overført til Sovjetunionen eller Russland etter 1931.