Kvenvik

bygdelag i Alta i Finnmark

Kvenvik (nordsamisk Covošluovta) er ei bygd inst i Altafjorden i Finnmark fylke, ei mil frå Alta. Grunnkrinsen Kvenvik og Simanes hadde 202 innbyggjarar i 2009.[1]

Bilete av Kvenvik

Kvenvikmoen har crossanlegg for snøskuterar og lysløype for både turgåarar og langrennsløparar. Kvenvikmoen har òg fleire vatn der ein kan drive isfiske på vinteren, kor ein berre kan fiske småfisk - som røye. Ungane går på skule i Kåfjord som ligg ei mil unna. Kvenvik er godt skjerma for vêr og vind. Sidan Kvenvik ligg rett ved havet, er det òg mogleg å fiske både torsk, sei og anna småfisk.

I fjellet Sáhkkobátni (Sakkobadne) (358 moh.) ved Kvenvik ligg eit flyvrak frå krigen. Tyskarane hadde skyttargraver her under krigen.

Det er plassert ut merdar i Kvenvika, desse er eigde av Volden Group.

Gjennomsnittleg sommartemperatur ligg på rundt 17 grader, mens det på vinteren ligg på −9 gradar celsius.[treng kjelde]

Referansar endre