Kvik Halden Fotballklubb

Kvik Halden Fotballklubb (stifta 19. juni 1906 som Fotballklubben Kvik) er ein norsk fotballklubb frå Halden. Klubben ligg i 2. divisjon og spelar heimekampane sine på Halden Stadion. Drakta har raude og kvite vertikale striper, medan buksene er blå. På vinterstid har Kvik Halden dei fleste treningane sine på det nyanlagte kunstgrasanlegget på Strupe.

Kvik Halden Fotballklubb
Fullt namnKvik Halden Fotballklubb
Grunnlagd19. juni 1906
HeimebaneHalden stadion
StyreleiarJohn Erik Eriksen
HovudtrenarØrjan Christiansen
Liga2. divisjon fotball for menn
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Klubben spelar denne sesongen i 2. divisjon fotball for menn.

Historikk endre

På slutten av 1800-talet fanst det fleire fotballklubbar i Halden, eller Fredrikshald som det heitte den gongen. I 1904/05 danna alle klubbane i byen Halden Idrætsforening. Sidan idrettslaget hovudsakleg var retta mot friidrett, skipa dei fotballinteresserte medlemmane Fotballklubben Kvik. Klubben vart stifta 19. juni 1906 på Os i Halden, og Edvard Sem jr. vart vald til formann.

Klubben vart noregsmeistrar i 1918, etter ha slått Brann 4–0 på Marienlyst i Drammen. I tillegg har klubben spelt to andre cupfinalar, i 1915 og 1922, begge enda med tap mot Odd. I same periode nådde klubben semifinalen fire gonger, i 1913, 1916, 1917, og 1927.

I 1997 slo Fotballklubben Kvik seg saman med Halden Fotballklubb og danna dagens fotballklubb; Kvik Halden Fotballklubb.

I 2005-sesongen rykte Kvik ned frå 2. divisjon, og spelte i 3. divisjon fram til 2011. Den tredje opprykkskvalifiseringa på fire år enda igjen i ein skuffande tap den 24. oktober 2009 — då haldensarane rauk ut på bortemål mot Vestfold-laget Ørn Horten. I 2010-sesongen lukkast dei endeleg, Kvik Halden vann 3. divisjonsavdelinga si. I opprykkskvalifiseringa slo Kvik ut Eik-Tønsberg og rykte opp til 2. divisjon 2011. Returen til 2. divisjon enda med 5.plass.

Bakgrunnsstoff endre