Kvikksand
Kvikksand er ein jamn- og ofte finkorna sand der korna er laust pakka, slik at det er god plass mellom dei. Viss han blir forstyrra, til dømes ved at nokre går på han, kan korna falle saman i ein tettare pakning, og overskytande vatn vil skiljast ut. Ved denne pakkingsprosessen blir dei største og tyngste partiklane konsentrert i botnen av sandlaget. Dette er grunnen til at kvikksand «syg» ned større lekamar.
Kjelder
endre- Kvikksand. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/kvikksand.