Kvindemuseet i Danmark

Kvindemuseet i Danmark er namnet på eit statleg støtta landsdekkjande spesialmuseum som ligg i Aarhus, skipa i 1982. Museet hadde til å byrje med, og fram til 2016, som føremål å setje søkeljos på kvinneliv og kvinneleg verksemd i fortid og notid, og bidra til diskusjon om kjønnsproblematikk, likestilling, kropp og seksualitet. Det fekk internasjonal status som modellmuseum på sitt felt, og har vore inspirasjonskjelde for til dømes skipinga av det norske KvinnemuseetKongsvinger. Museet samla inn og forska på gjenstandar som gav grunnlag for å fortelje kultursoga til kvinnene frå eit kvinneleg perspektiv, og arbeida for å auke interessa for tilhøva for kvinner i samtida, og for tilhøva mellom dei to kjønna.

Kvindemuseet i Danmark

Frå «kvinnemuseum» til «allkjønnsmuseum» endre

I 2016 fekk Kvindemuseet i Danmark nytt og utvida ansvarsområde. Då muset vart skipa, låg kvinnekultur og -historie for det meste utanfor fokus og var underkommunisert, og museet satsa på å samle inn viktig dokumentasjon for kvardagslivet for kvinner og deira aktive medverknad i samfunnsutviklinga. Men i 2016 vart relasjonen mellom kjønna sett på som så mykje endra, mellom anna som fylgje av at rolla og funksjonen til menn òg hadde endra seg markant, at Kvindemuseet i Danmark frå no av skulle ta for seg kulturhistoria til kjønna og involvere alle på tvers av kjønn. Innsamling av gjenstandar, oppbygginga av utstillingar og andre aktivitetar vart innretta etter dette. Museet sett soleis søkjeljoset på kjønnas soge i fortid og notid, inklusive endringane i vilkåra og relasjonane til kjønna over tid, og ulikskapen i livsvilkår på tvers av kjønn, seksuell orientering, androgynitet og etnisitet. Men namnet på museet skal framleis vere Kvindemuseet i Danmark.

Den nye permanente utstillinga frå våren 2017 handlar difor om spørsmåla: «Hvad betyder køn i vores samfund? Hvorfor leger jeg med biler og ikke dukker? Hvad betyder det at være transkønnet? Hvad er normalt? Hvad er ’hen’? Hvordan har jeg det med min krop? Hvad er ligestilling? Har vi ligestilling? Hvad betyder det egentlig, om jeg er født som dreng – eller om jeg er født som pige? HAR DET BETYDNING?»

Museumsbygningen endre

Kvindemuseet i Danmark har frå 1984 disponert ein bygning på Domkirkepladsen 5 som i 1857 vart bygd som rådhuset i Aarhus. Samlingane vart skipa i 1982, men den fyrste utstillinga vart ikkje opna før på hausten 1984, etter at museet hadde fått til disposisjon bygningen, som er freda.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kvindemuseet i Danmark