Kvinden skabt af manden

Kvinden skabt af manden er ein essayistisk roman skriven av Hulda Garborg i 1904. Boka blei ei av årets bestseljarar i Noreg. Forfattaren var anonym, men «alle» skjøna kven som stod bak. Boka gjekk i tolv opplag på nokre veker, selde ti tusen første året, og resulterte i parodiar skrivne av andre.

Boka var ein reaksjon på den kvinnefiendtlege filosofien til austerrikaren Otto Weiniger, og blei skriven i ein rasande raptus på eit par månadar tidleg på året. Boka kom ut før sommaren. Med denne boka stod Hulda fram som ein viktig feminist, men «forskjellsfeminismen» hennar var ein annan enn den politiske feminismen som stod på barrikadane og ville ha full jamlikheit mellom kjønna. Boka blei omsett til svensk og tysk. Historia om fru Eva heldt fram i Fru Evas dagbok som kom året etter. Ein av grunnane til den store suksessen var at mange lesarar trudde ho skildra sitt eige ekteskap med Arne Garborg, då hovudpersonane hadde mange ytre likskapar med kjendisekteparet Garborg, men dette var noko Hulda sjølv avkrefta.

Kjelder endre