Arne Garborg
Arne Garborg, fødd Aadne Eivindsson Garborg (25. januar 1851–14. januar 1924) var ein norsk forfattar, redaktør, omsetjar og intellektuell.
Arne Garborg | |
![]() | |
Fødd | 25. januar 1851 Jæren, Undheim |
Død |
14. januar 1924 (72 år) |
Yrke | journalist, skribent, dagbokskrivar, skodespelforfattar, lyrikar |
Ektefelle | Hulda Garborg |
Born | Arne Olaus Fjørtoft Garborg |
Arne Garborg på Commons |
Verka hans Garborg, både romanane og essaya tek opp mange tema som har vore og framleis reknast å vera av ålmein interesse, t.d. religionen i moderne tid, tilhøvet mellom lokal og nasjonal identitet og det europeiske, korleis folk kan få politisk påverknad og makt.
LivssogeEndra
Arne Garborg var frå garden Garborg i Time kommune på Jæren i Rogaland fylke. Her voks han opp saman med foreldre og åtte sysken. Garborg reiste ut for å ta utdanning, trass i at han var odelsgut. Faren hadde ønskt at odelsguten skulle ha vore heime og etter kvart teke over garden. Faren, som var ein høgt respektert mann i bygda, kom ut i eit religiøst prega tungsinn, og tok livet av seg i 1870. Denne hendinga sette djupe spor i Arne Garborgs liv og forfattarskap, mellom anna i jærromanen Fred. I diktringen Haugtussa (1895), eitt av høgdepunkta i norsk bokheim, søkte han attende til liv og tru på Jæren i den førpietistiske tida.
I 1887 vart Garborg gift med forfattaren Hulda Garborg (fødd Bergersen). Dei budde frå 1897 på Labråten på Hvalstad i Asker, ein sentral møtestad for Askerkretsen, det leiande intellektuelle miljøet i Noreg i denne tida. På Jæren fekk Garborg i 1899 bygd ein sommarbustad, jærhuset i Knudaheio.
- I 1872 grunnla Garborg avisa Tvedestrandsposten.
- I 1877 starta Garborg avisa Fedraheimen. Fram til 1892 redigerte han avisa.
- I 1894 grunnla han saman med Rasmus Steinsvik avisa Den 17de Mai. Avisa skifta i 1935 namn til Norsk Tidend.
- I 1899 la han fram midlandsnormalen i lag med Rasmus Flo; Garborg nytta denne rettskrivinga sidan, og hans Skriftir i samling kom ut med alle verka omskrivne etter den.
VerklisteEndra
RomanarEndra
- Ein Fritenkjar (1878)
- Bondestudentar (1883)
- Mannfolk (1886)
- Hjaa ho Mor (1990)
- Trætte Mænd (1891)
- Fred (1892)
- Den burtkomme Faderen (1899)
DiktsamlingarEndra
SkodespelEndra
Andre verkEndra
LitteraturEndra
- Fidjestøl, Alfred. 2014. Frå Asker til Eden : historia om askerkretsen 1897-1924. Oslo: Samlaget. ISBN 978-82-521-8459-4
BakgrunnsstoffEndra
Arne Garborg på Wikikilden (frie originaltekstar) |
- Garborgs tekster – Dokumentasjonsprosjektet frå UiO. Skriftir i Samling og andre verk i digitalisert utgåve.
- Garborgtekstar i Ivar Aasen-tunet sitt nettbibliotek
- Haugtussa
- Fedraheimen
- Digitaliserte bøker av Garborg hjå Nasjonalbiblioteket
- Digitalt tilgjengeleg arkivmateriale etter Arne Garborg i Nasjonalbiblioteket
NettstaderEndra
- Garborg.no Garborgsenteret på Bryne.
- Forfattarnett Forfattarnett.
- Garborgnett Nettstad utviklet i forbindelse med Garborgåret 2001.
- GarborgDagane Heimesida til GarborgDagane på Tynset.
- Labråten Asker museum.
ArtiklarEndra
- Arne Garborg i Dagbladet Forfatter
- Arne Garborg i NRK Forfatter
- Arne Garborg i Norsk biografisk leksikon Besøkt 15.08.09.