Kvinne- og kjønnshistorie

Kvinnehistorie er eit omgrep som oppstod på 1960- og 1970-talet som tek utgangspunkt i kvinner si rolle i historia. På engelsk nyttar ein ofte nyordet herstory («henna historie»), som motsetting til omtolkinga av history («hans historie»). Ordet «historie» kjem frå greske ἱστορία (historia), og har ingenting å gjere med det engelske ordet «his».[1]

1. august 1985 opna Universitetet i Bergen Europas første humanistiske kvinneforskingssenter. Ida Blom var styreleiar. Same år vart ho utnemnd til Noregs første professor i kvinnehistorie.

Framveksten av norsk kvinne-og kjønnshistorie som fagfelt endre

«Vi visste ingen ting om kvinners historie.»[2] Ida Blom om å vere kvinnehistoriker på 70-talet  

Kvinneforskinga oppstod som ein del av den radikale fagkritikken på 1970-talet. Dette vert sett i samband med den kraftige tilstrøyminga av kvinner og menn frå alle sosiale lag til Universitet og Høgskular i same tidsrom. Ulike grupper kom med fagkritikk på eit pensum som var elitistisk i den forstand at det berre reflekterte makthavarane sine verdiar og synspunkt. Kvinnene som for første gong strøymde til høgare utdanning etterlyste ein kunnskap som avspegla begge kjønn.[3] Samstundes førte engasjementet i den nye kvinnerørsla frå 70-talet av til at mange begynte å leite etter kvinner i historia, og etter kvart kom kravet om litteratur og undervisning i kvinner si historie. Etter initiativ frå studentane vart kvinnehistorie eit godkjend særemne ved Universitetet i Oslo (UiO) i 1973, med Gro Hagemann som lærar.[4] Ikkje alle historikarar sette pris på dette, og  Ottar Dahl heldt i 1985 eit innlegg på eit seminar om kvinneforsking ved UiO der han omtalte kvinnehistorie som «løst og fast om kvinner».[5] Same året vart Ida Blom Noregs første professor i kvinnehistorie, dette ved Universitetet i Bergen.[6]

Den språklege vendinga endre

Den amerikanske historikaren Joan Wallach Scott publiserte i 1986 artikkelen «Gender: A Useful Category of Historical Analysis»[7], og denne inspirerte norske kvinnehistorikarar ved at ho tydeleggjorde kjønn som meining, makt og skilnad. På 90-talet gjekk kvinnehistorie i Norge over til å bli kvinne-og kjønnshistorie. Dette innebar ei utviding av fokus; Frå kvinner som ein forskingsgjenstand, til kjønn som eit perspektiv. Ein skulle ikkje berre synleggjere fortidas kvinner, men forske på korleis kjønn som ein grunnleggande sosial struktur, meiningsbærande kategori og ei sentral maktrelasjon, bidreg til å forme dei historiske prosessane og aktørane. Denne utviklinga hang saman med, poststrukturalismen og den språklege vendinga. Resultatet blei ei anna form for synleggjeringsprosjekt; nemleg avdekking av den kjønnsmetaforikk som gjennomsyrer tilsynelatande nøytrale omgrep. Scott tala vidare for ei heilskapleg omskriving av historia, med kjønn som perspektiv.[8] Norsk kvinne-og kjønnshistorie som fag omfamna poststrukturalismen, men fortsette også med det opprinnelege prosjektet, å synleggjere det usynleggjorte [9]

Referansar endre

  1. Joseph, Brian; Janda, Richard, red. (2004). The Handbook of Historical Linguistics. ISBN 978-1405127479. 
  2. «Kvinnehistorie: Korleis eit fagfelt vart til». Kilden (på norsk bokmål). 
  3. Hagemann, Gro (2003). Feminisme og historieskriving. Universitetsforlaget. 
  4. «Elisabeth Lønnå: Etableringen av kvinnehistorie som fagfelt». Kilden (på norsk bokmål). 
  5. Roll-Hansen, Hege (2016). «Gro Hagemann: Arbeid, kjønn og politikk» (PDF). Historikeren. 
  6. «Ida Blom - lokalhistoriewiki.no». lokalhistoriewiki.no (på norsk bokmål). Henta 13. mars 2018. 
  7. Scott, Joan W. (1986). «Gender: A Useful Category of Historical Analysis». The American Historical Review 91 (5): 1053–1075. doi:10.2307/1864376. 
  8. Larsen, Eirinn (2013). Heiret, Ryymin og Skålevåg, red. Fortalt fortid. Pax forlag. s. 149. 
  9. Larsen, Eirinn (2013). Heiret, Jan. Ryymin, Teemy og Skålevåg, Svein Atle, red. Fortalt fortid. Pax forlag. s. 153.