Ida Clara Blom (20. januar 193126. november 2016) var ein dansk-norsk historikar og professor i kvinnehistorie ved Universitetet i Bergen.[1]

Ida Blom

Ida Blom
Foto: Nina Aldin Thune
Fødenamn Ida Clara Bonnevie
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. januar 1931
Gentofte
Død

26. november 2016 (85 år)

Yrke historikar, professor
Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien, Academia Europaea
Ida Blom på Commons

Utdanning og virke

endre

Blom var fødd og oppvaksen i Danmark og flytta til Noreg i 1954. Ho blei uteksaminert ved Universitetet i Bergen i 1961[2] og disputerte ved samm institusjon i 1972 med avhandlinga Kampen om Eirik Raudes land.[3] Forskinga hennar omfatta politisk og sosial historie på 1800- og 1900-talet, med vekt på kvinnehistorie. Vidare var Blom involvert i samanliknande forsking på internasjonalt nivå med omsyn til statleg velferdshistorie og historia til nasjonalstatane.

Blom var tilsett ved Historisk fakultet ved UiB frå 1962 til ho gjekk av med pensjon. I 1985 blei ho den fyrste norske professoren i kvinnehistorie, og dessuten styreleiar for det humanistiske kvinneforskingssenteret ved UiB.

Verv og utmerkingar

endre

I 1993 blei Blom medlem av Det norske Videnskaps-Akademi, og i 1996 blei ho utnemnd til æresdoktor ved Københavns Universitet og dessutan utanlandsk medlem av Kungl. Vitterhets Historie och Antikvitetsakademien i Sverige. Ida Blom blei saman med Sølvi Sogner tildelt Sverre Steen-prisen i 2000 for Med kjønnsperspektiv på norsk historie (CAF, 1999). I 2006 blei ho æresmedlem i American Historical Association. Ho mottok Gina Krog-prisen i 2009. Ida Blom var også kommandør av St. Olavs Orden.[4]

Blom hadde gjennom åra fleire internasjonale verv: Ho var medlem av UNESCO-kommisjonen i perioden 1983–1992, var ein av grunnleggjarane av og dessuten president for International Federation for Research in Women's History frå 1987 til 1995, sat i redaksjonsråda for fleire internasjonale fagtidsskrift og var hovudredaktør og medforfattar for Cappelens kvinnehistorie, som fekk Brageprisen i 1993.

I september 2008 blei Universitetet i Bergen sitt bygg Allégaten 34 døypt Ida Bloms hus. Huset blir delt av Senter for kvinne- og kjønnsforsking og Senter for vitskapsteori.[5]

Bibliografi

endre
  • 1972 Kampen om Eirik Raudes land (dr.avh.)[3]
  • 1980 Barnebegrensning – synd eller sunn fornuft?
  • 1983 Kjønnsroller og likestilling
  • 1988 «Den haarde dyst»: Fødsler og fødselshjelp gjennom 150 år
  • 1992 og 1993 Cappelens kvinnehistorie bind 1 – 3. Redaktør og medforfatter
  • 1994 Det er forskjell på folk – nå som før
  • 1998 Feberens ville rose. Tre omsorgssystemer i tuberkulosearbeidet 1900 – 1960
  • 2012 Medicine, morality and political culture. Legislation on venereal disease in five Northern European countries, c.1870-c.1995

Ei lang rekkje artiklar i norske og internasjonale fagtidsskrift.

Kjelder

endre
  1. «Nekrolog På Høyden 29. november 2016». Arkivert frå originalen 30. november 2016. Henta 29. november 2016. 
  2. Universitetet i Bergen Arkivert 22. november 2005 på Wayback Machine.
  3. 3,0 3,1 biografisk leksikon
  4. «Tildelinger av ordener og medaljer». www.kongehuset.no (på norsk). Henta 3. januar 2024. 
  5. På Høyden, UIBs nettavis 17.9.2008