Kvinnheringen
Kvinnheringen er ei avis som vert utgjeven i Kvinnherad kommune i Vestland fylke. Kvinnheringen kjem ut måndag, onsdag og fredag.
Fyrste utgåve av Kvinnheringen kom ut onsdag 3. januar 1973. Utgjevar var Kristian Hus og redaktør var Torfinn Myklebust. Hovudkontoret ligg på Husnes.
1. september 1998 overtok A-pressen avisa. A-pressen endra i 2012 namn til Amedia, og er det nest største mediekonsernet i Norge. Kvinnheringen er framleis ei upolitisk og uavhengig avis.
Kvinnheringen blei i 2015 kåra til Europas beste lokalavis i European Newspaper Awards i Wien. 196 aviser frå 26 land deltok i konkurransen.
Redaktør og dagleg leiar er Tomas Bruvik (2016).
Avisa Grenda kjem ut i Rosendal og konkurrerer med Kvinnheringen om å vera lokalavis for Kvinnherad.
OpplagstalEndra
Utvikling i nettoopplag.[1]
År | Nettoopplag |
---|---|
2000 | 4 806 |
2001 | 4 539 |
2002 | 4 478 |
2003 | 4 533 |
2004 | 4 605 |
2005 | 4 545 |
2006 | 4 542 |
2007 | 4 595 |
2008 | 4 571 |
2009 | 4 502 |
2010 | 4 458 |
2014 | 4 143 |
BakgrunnsstoffEndra
KjelderEndra
- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.